Filmar frå Florø (Vest Foto AS)
Desse filmane frå arkivet etter Vest Foto viser daglegliv og viktige hendingar frå 1960-talets Florø.
Fotograf Kåre Botnmark (1923-2010) frå Evenes dreiv fotoverksemda Vest-Foto i Florø i perioden 1948-1969. I løpet av desse åra hadde Botnmark ein omfattande produksjon av foto – både atelierportrett, fotografering på sildefeltet og oppdrag for næringslivet i Florø. Døme på det sistnemnde er dei mange fotografia Botnmark tok i samband med sjøsetting av båtar ved Ankerløkken. Fotoarkivet og film-opptaka frå 1960-talet er i dag bevart hjå Fylkesarkivet i Vestland.
41 videos
·
1.3K views