Back to photostream

Eg er i går

Tolv livshistorier frå den siste krigsgenerasjonen blir til èi teaterframsyning. Manus er basert på intervju med Magnus Øvrebø (82) frå Sande i Sunnfjord og elleve andre av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til meir enn hundre. Då dei var små budde dei på gardar som brødfødde dei. Så kom krigen, så kom kjærleiken, så kom ungar, arbeid, slit og glede. Så kom alderdomen og einsemda. Vi institusjonaliserer både barndomen og alderdomen slik at vi ikkje når kvarandre med historiene vi kunne delt. No strekkjer Sogn og Fjordane Teater ut handa til alle generasjonane som kjem etter desse tolv.

 

Arbeidsmetoden er ikkje ny for Sogn og Fjordane Teater. Fleire framsyningar har vore laga på bakgrunn av intervju med verkelege personar. Men der intervjupersonane tidlegare har vore anonyme, står den eldre garden no fram med fullt namn. Dei kjem frå alle delar av Sogn og Fjordane, og representerer eit snitt av dei godt vaksne innbyggarane i fylket. Dei bidreg òg med autentisk fotomateriale frå livet dei har levd.

 

Menneske i svart-kvitt. Det er slik vi ser dei for oss, dei som har levd ei stund og ikkje lenger går så fort framover. I denne framsyninga deler dei rundhanda av erfaringane sine, slik at vi som kjem etter kan forstå kvar vi kjem frå. Denne kunnskapen kan vi i tur dele vidare. Ein vakker dag er det vi som er i går.

 

MANUS OG REGI Bodil Kvamme

BASER PÅ INTERVJU AV Janne Karin Støylen og Bodil Kvamme

KOREOGRAF Hilde Sol Erdal

FOTO OG VIDEODESIGN Johan Moen

LYSDESIGN Krystian Myska

KOSTYME Anna Wingård

REKVISITØR Synnøve Ringdal

KOREOGRAF ASSISTENT Miriam Førde

MUSIKALSK TILRETTELEGGING Harald Dahlstrøm

 

MEDVERKANDE: Marit Østbye, Kyrre Eikås Ottersen, Claus Sellevoll, Annlaug Børsheim

 

DANSARAR: Sarah Thingnes, Kolbjørn Bergset, Tollef Årdal, Elin Grytting, Arne Fossøy, Kjersti Marie Imerslund, Gunvor Grov, Marit Aafedt Fjærestad, Erling Berge, Sigrun Vigdal, Marit Helgheim, Else Tystad, Solfrid Helgheim, Anne Karin Olsen.

 

Foto: Johan Moen, Sogn og Fjordane Teater

746 views
0 faves
0 comments
Uploaded on October 22, 2018
Taken on October 18, 2018