Dette fotoarkivet inneheld bilete frå samlinga til foreldra mine, Torlaug Løkensgard Hoel frå Ål og Øyvind Hoel frå Oppdal, og deira familiar. Fotoa frå Øyvind si side utgjer kring 90 prosent av samlinga.

 

Sjå nærare omtale av samlinga på www.krundalen.no/blogg/?page_id=1590

 

Innhaldet i hovudseriane (A–D):

 

Serie A – Album og lause papirfoto etter Oddmund Hoel (1910-1983) og Ragna Hoel, f. Aune (1910-2009). Her er både eldre familiefoto dei har arva på kvar sin kant, album frå tida før dei vart gifte, og fleire album og bilete frå etter at dei gifte seg. Mange foto er av borna Øyvind, Sigrun og Harald. Dei eldste er frå 1870-åra.

 

Serie A inneheld også album etter Ragna sine systrer Marit Aune (1892-1985) og Hanna Aune (1903-1984), hovudsakleg frå ungdomstida, som Ragna arva etter dei. Her er også eit album etter Ragna si syster Marie Aalbu, seinare overteke av dottera Ingeborg.

 

Serie B – Album og lause papirfoto frå ungdomstida til Torlaug Løkensgard Hoel (f. 1939). Mellom dei lause fotoa er eldre familiefoto attover til kring 1880. Her er også foto frå systera Gunnhild si samling.

 

Serie C – Album og lause papirfoto etter Øyvind Hoel (f. 1939). Han fekk kamera som 14-åring i 1953 og tok jamt bilete. I tillegg er her nokre eldre familiefoto han har arva. Her er også mange foto frå tida etter at Øyvind og Torlaug møtte kvarandre i 1966.

 

Serie D – Fargedias og negativ. Her er fargedias som Oddmund Hoel tok frå 1950 til 1970-åra, og fargedias Øyvind Hoel tok i 1962-63. Her er også Øyvind sitt negativalbum (ca 1953-1974), og nokre få 120-negativ etter Oddmund Hoel (1949).

 

Serie G – Album og lause papirfoto etter Sigrun Hoel

Read more

Testimonials

Nothing to show.