Solundarkivet Nr: 2066
I 1952 byrja arbeidet med å reparara fyret etter bombeåttaket i 1945. Allereie nokre få månader etter krigen var over, greidde fyrvokterane, på ordre frå fyrdirektøren, å lappe saman det skada linsehuset og linsa såpass at den kunne brukast fram til det nye linsehuset var klart til montering.
Men i 1952 var tida kommen då det gamle linsehuset hadde gjort sin misjon, og skulle bytast ut med eit noko mindre linsehus.
Heile det gamle linsehuset blei løyst frå fyret, og regelrett "lempa" utforbi fyret på vestsida.
Det seiest at linsehuset blei dumpa på sjøen i Tussesundet på vestsida av fyret. Men det låg flust med prisme-bitar att frå den gamle linsa på berget under fyret, noko barna på Utvær hadde mykje glede av. Heilt fram til i dag finn ein framleis bitar hvis ein leitar godt.
Begge dei gamle galleria utvendig på fyret blei også fjerna, og det blei støypt eit nytt galleri i betong, som omkransar det nye linsehuset som så blei montert.
Fyret blei såleis ein etasje lavare enn opprinneleg med det nye linsehuset installert.