Back to photostream

Slåttonn på garden Sagen i Sørum i 1960

Frå venstre: Bjørn (1938-), Jon (1933-), Ivar (1895-1970) og Svein (1930-). Framme dagens eigar Ivar jr. 2 1/2 år gamal. Her ser me altså tregenerasjonar på garden.

 

Meir om bakgrunnen for biletet:

Ivar Sjurson Tveit (1895-1970) og broren Sigurd (1897-1964) frå bruk 170/3 Helland i Feios kjøpte hausten 1928 garden Sagen i Sørum kommune i Akershus. Broren Sigurd selde sin del til Ivar seks år etter og Sigurd flytta attende til Feios der han i 1955 og resten av levetida si hadde bruk 164/2 Bjørkheim under Dale. Han var ugift.

 

Ivar Sjurson vart i 1926 gift med Anna Johandotter Linde (1896-1976) frå garden Håane i Feios. Dei fekk altså fire born.

Dei fire borna var Gerd (1927-) og Svein (1930-) Jon (1933-) og Bjørn (1938-)

 

Garden Sagen var på 180 da jord og ca. 100 da skog. garden er i familien si eige fortsatt.

 

Ivar og Sigurd var som til smed og prestemedhjelpar Sjur Monson Tveit (1858-1947) frå garden Tveit i Feios som i 1883 skaffa seg gard på Helland i Feios, og det året vart gift med Brita Jensdotter Åfet (1860-1956) frå garden Åfet i Feios.

 

Fotoeigar: Svein Tveit, Sagen i Sørum.

 

 

2,970 views
8 faves
0 comments
Uploaded on February 4, 2020